Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!Vi har legevakt i kommunen 24/7. Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon.
Løysingsorientert og viser initiativ
Nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
Positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
Tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
Multidose- og generell legemiddelhandtering
Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Gode datakunnskapar
Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
Teieplikt
Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.