Fjord1 har no ledige stilling som dekkssjef i sambandet Stavanger–Byøyane–Hommersåk, om bord på hurtigbåtane MS Fjordglytt og MS Medstraum.
I denne stillinga arbeider du 2 veker på jobb og 3 veker fri. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad, og ved behov tilbyr vi hybel i arbeidsperioden med kort avstand til kaien.
Som dekkssjef vil du ha ei viktig rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet, med eit overordna leiaransvar for dekk. Dette er ei stilling med ansvar der du får arbeide operativt og løysningsorientert. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både reisande og mannskap får ei trygg og god oppleving.
Her får du ein jobb som gir tryggleik og stabilitet, samtidig som du får ansvar, fagleg utvikling og gode kollegaer rundt deg.
Oppstart oktober/november 2026. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Fjord1 dekkjer manglande krise- og passasjerhandteringskurs samt hurtigbåtkurs for aktuelle kandidatar.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fiskepiren 1
4013 Stavanger
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5163437447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.