Vi har ledig 2 stillingar, 100%, som kommunalt løna fastlege ved Frekhaug legesenter i Alver kommune. Det vert no vurdert insentivmodell.
Ein stilling er ledig frå oktober 2026 og ein er ledig frå januar 2027.
Vi søkjer deg som enten er spesialist i allmennmedisin eller som ønskjer ALIS stilling.
På Frekhaug legesenter er det sju fastlegeheimlar med kommunalt tilsette legar og ein LIS1 lege. Vi bruker vi Infodoc plenario journalsystem i arbeidet. Kontoret er lokalisert på Frekhaug og godt innreia. Vi har parkering i gåavstand frå bygget.
Åpningstid og arbeidstid ved Frekhaug legesenter er kl 08:00 - 15:30. Individuelt tilrettelagt arbeidstid kan avtalast ved behov.
På Frekhaug legesenter er det tilsett fagleg dyktig hjelpepersonell i form av både helsesekretærar og ein sjukepleiar. Den eine helsesekretæren fungerer som driftskoordinator på kontoret og har ansvar for daglege driftsoppgåver.
Ein av fastlegane er fagkordinator. Det er fast møtetid for legane kvar fredag frå 0800-0930 for fagleg oppdatering, interne rutiner og kurs.
Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt (NHLV).
Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. For ALIS - lege vil det være veiledning under utdanningsforløpet.
Som kommunalt tilsett fastlege har du ei arbeidsveke på 37,5 timar.
Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal vere enkelt å gå heim når arbeidsdagen er slutt.
Dersom du blir sjukemeldt eller har sjuke born, har du dei same rettane som andre tilsette i kommunen. Ved langvarig sjukefråvær er det vårt ansvar å skaffe vikar. Ved kortare fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning.
Administrasjon og drift
Vi tek ansvar for administrasjon av kontoret, inkludert hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan fokusere på pasientarbeidet.
ALIS-legar får lovpålagde og naudsynte kurs dekka gjennom ALIS-tilskot etter gjeldande regelverk.
Legevakt
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt har du to vakter per månad, og du får betalt timesats for arbeidet der. Vi har tilsett eigne legar som går reine nattevakter ved Nordhordland legevakt, noko som reduserer vaktbelastninga på natt for deg.
Andre oppgåver
Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka, vil talet på pasientar på lista bli redusert i tråd med mindre arbeidstid som fastlege.
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å arbeid innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet.
Høyres dette freistande ut, men du er framleis litt usikker på om du skal søkje? Då vil vi anbefale deg å ta kontakt med enten avdelingsleiar Bente Bø Taule, eller tenesteleiar Tord Moltumyr. Dei svarer deg gjerne på spørsmål som du har om korleis det er å arbeide ved Frekhaug legesenter!
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAlver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.