Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune
Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune søker trainee 100 % mellombels stilling i Hjelmeland. Engasjement, heltid. Krav: bachelorgrad, ingen erfaring trengs. Søknadsfristen er 10. januar 2027.
Skrevet av Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune
Vil du bruke kompetansen din til å utvikle ein kommune og eit heilt lokalsamfunn?
Me søkjer etter ein engasjert og nysgjerrig trainee som ønskjer å få brei erfaring frå kommunal sektor og samtidig vere ein del av Trainee Ryfylke, i regi av Ryfylke IKS.
Som trainee hos oss får du høve til å bli kjend med kommunen frå fleire sider, arbeide med aktuelle og samfunnsviktige oppgåver og bygge eit breitt nettverk på tvers av fagområde og kommunar i Ryfylke.
Ei stilling – mange moglegheiter
Me ønskjer å finne ein kandidat som kan bidra inn i eitt eller fleire av kommunen sine fagområde, avhengig av kommunen sine behov og kandidat sin kompetanse og interesse.
Aktuelle fagområde kan til dømes vere:
Du vil få konkrete arbeidsoppgåver og ansvar, samtidig som stillinga skal gi rom for læring, utvikling og innsikt i korleis ein kommune fungerer.
Gjennom Trainee Ryfylke får du også høve til å bli kjend med andre verksemder og kommunar i regionen og bygge eit nettverk som kan vere verdifullt vidare i arbeidslivet.
Kven ser vi etter?
Me ser etter deg som:
Nyutdanna eller har du nokre få år med arbeidserfaring? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli lagt stor vekt på.
Det stillast krav om gode norskspråklege kunnskapar, både skriftleg og munnleg (min. B2).
Det er ein fordel at du har førarkort.
Kvifor jobbe hos oss?
Kommunen er ein arbeidsplass med stor breidde i oppgåver og fagområde. Hos oss får du moglegheit til å sjå korleis ulike fagområde heng saman, og korleis arbeidet i kommunen påverkar kvardagen til innbyggjarane.
Ryfylke er ein region med store moglegheiter innan næringsliv, samfunnsutvikling og offentlege tenester. Som trainee får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å bli kjend med ein region og vere med på å utvikle han vidare
Om Trainee Ryfylke
Trainee Ryfylke er eit regionalt traineeprogram i regi av Ryfylke IKS, der kommunar og verksemder i Ryfylke samarbeider om å gi unge og nyutdanna eit godt utgangspunkt for vidare karriere i regionen.
Programmet kombinerer arbeid i vertskommunen med faglege samlingar, nettverksbygging og utvikling på tvers av verksemder og kommunar.
Stilling: Trainee
Stillingsstorleik: 100 %
Tilsettingsform: Mellombels
Varigheit: Eit år
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 10.01.2027
Stillinga blir lønna etter gjeldande tariffavtale.
Har du lyst til å bli trainee hos oss?
Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv, kva du har studert, kva fagområde du er spesielt interessert i, og kvifor du ønskjer å bli trainee i kommunal sektor.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk
sikker opplasting på kommunens heimeside.Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 99 jobber for revisorer, regnskapsrådgivere i hele landet de siste 90 dagene.
875 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 720 000 og 1 070 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 2 andre ledige jobber for revisorer, regnskapsrådgivere i Rogaland nå, hos 2 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som trainee økonomi i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som trainee økonomi i Hjelmeland?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 974549697
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 27912a7d-bfd7-4d0f-a2fb-a5c69a5f5afb. Se den hos Nav
Frist
44 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune.
Malin Nordbø
postmottak@hjelmeland.kommune.no+47 404 39 017