UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i samfunnsgeografi og berekraftig utvikling ved Institutt for geografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet.
Stillinga er knytt til forskargruppa i Samfunnsgeografi og berekraftig utvikling (SGBU) som i stor grad utforskar samspelet mellom menneske, samfunn og miljø. Vi søkjer ein kandidat med forskingsinteresser som samsvarer med SGBU-gruppa sine profesjonelle fokusområde som inkluderer: klima- og energiomstilling; matproduksjon og matsikkerheit; global utvikling og ulikskap; grøn transformasjon, sirkulær økonomi og industriell utvikling; lokal og regional utvikling, stad og planlegging; politisk økologi, arealbruk og forvaltning av naturressursar. I søknaden og søknadsbrevet bør kandidaten skissere korleis doktorgradsforslaget vil bidra både til samfunnsgeografi generelt og til eitt eller fleire av dei ovannemnde tematiske områda.
Kandidaten blir medlem av SGBU forskargruppa. Karrierefremjande arbeid vil vere mellom anna undervisning på bachelor- og masternivå i instituttets portefølje for samfunnsgeografi og berekraftig utvikling.
Arbeidsplassen for stillinga er i Bergen (det er ikkje mogleg med fjernarbeid).
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg engelsk, men noko av undervisninga er på norsk (særleg på 100-nivå på bacheloremne).
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og fører fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Ei kortfatta prosjektskildring på 5-8 sider (inkludert kjeldeliste) skal leggjast ved saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Kandidaten skal levere ein ph.d.-plan innan tre månader etter oppstart i samråd med rettleiarar, og skal reflektere ytterlegare forbetringar av det opphavelege forslaget.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 15. oktober 2026.
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Rannveig Skoglund, epost: rannveig.skoglund@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, epost: gudrun.horvei@uib.no
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seniorrådgjevar Elina Troscenko, epost: elina.troscenko@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.