Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
oppgitt for den enkelte avdelinga
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.
Nevrokirugisk akuttposter ein stor sengepost med 30 senger. Vi behandlar pasientar med sjukdom i nervesystemet. Våre vanlegaste diagnosar er hjerneslag, epilepsi, parkinson, prolaps, hjernesvulst og diverse betennelsestilstandar i nervesystemet. Vi tek imot over 90 % akutthjelp, og jobbar tverrfagleg for å kunne gi eit best mogleg tilbod til pasientane våre. Hos oss får du spennande, imteressante, utfordrande og lærerike dagar.
Kontakt: Laila Kvalvåg 55975041/55975030.
Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.
Utgreiingsmottak 1 består av to team: Team Akuttposten og Team UMO 1. Team UMO 1 tek imot pasientar frå alle fagområde for utgreiing og behandling, med forventa opphaldstid på maks.tre døgn. Vi har no har ledig stilling for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønskjer deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken.
Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802.
Avdeling Hovud-Hals og Auge kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.
Avdeling Hovud-Hals og Auge har også ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, pt. 3-delt turnus. Stillingen er kombinert med Øyre/Nase/Hals poliklinikk (55/45 %)
Hode/hals/auge avdeling har døgndrift med 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har
pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i
hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk
behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av
sjukepleiefaglege prosedyrar, og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt
arbeidsmiljø, trivsel og teamarbeid i avdelingen.
Øyre/nase/hals poliklinikk har stor aktivitet og fungerer som akuttmottak for øyre/nase/hals pasienter på
dagtid. Poliklinikken utfører utredning, behandling og kontroll av pasienter i godt samarbeid med leger,
og det utføres selvstendige sykepleiekonsultasjoner. Det er stor variasjon av arbeidsoppgaver i
poliklinikken. Vi har et godt arbeidsmiljø og teamarbeid med trivsel i poliklinikken.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.
Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Hos oss har vi 3 delt turnus med moglegheit for langvaktar.
Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar?
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert og lærerik arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø med høg spesialkompetanse.
Lungepost 1 har totalt 16 sengeplassar fordelte på to team: Respiratorisk overvakingseining (ROE) med 8 sengeplassar og 8 lungemedisinske sengepostplassar.
ROE er ei spesialisert eining for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Eininga har særleg kompetanse innan respiratorbehandling, trakeostomi og respiratoravvenning, og samarbeider tett med dei medisinske og kirurgiske intensiv- og overvakingseiningane ved sjukehuset.
Det lungemedisinske teamet behandlar i hovudsak pasientar med KOLS, astma og ulike infeksjonssjukdomar.
Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, der du møter pasientar med både akutte og komplekse sjukdomstilstandar. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø med tett tverrfagleg samarbeid, god opplæring og moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Det viktigaste er at du har interesse for fagfeltet, er lærevillig og ønskjer å bidra til god pasientbehandling og eit godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Ved Yrkesmedisinsk avdeling får du høve til å arbeide innan fleire spanande fagområde og bidra til diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med komplekse problemstillingar.
Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion Vest og arbeider med utgreiing, behandling og førebygging av allergiske sjukdomar og helseplager knytte til påverknader i arbeidsmiljøet. Avdelinga har òg ansvar for fleire nasjonale behandlingstenester, mellom anna Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling og Norsk senter for maritim og dykkemedisin. Dagarbeid måndag til fredag, med arbeidstid mellom kl. 07.30 og 16.30
Hos oss får du arbeide med pasientar innan fleire spesialiserte fagområde og vere ein del av eit engasjert fagmiljø som er opptekne av kvalitet, utvikling og samarbeid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5202588919
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.