Vil du jobbe innan psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig ei fast 40% stilling som helsefagarbeidar på natt, med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tar utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, tryggleik og god pasientbehandling står sentralt. Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg ved C1.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Julie Christine Løseth Silver, Ass. seksjonsleiar, 90624772
Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934
Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5193897345
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.