Einingsleiar Askvoll omsorgssenter
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Askvoll omsorgssenter består av:
Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag.
Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie.
Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.
Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herAskvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.