Ved Vetleflaten omsorgssenter søkjer me no etter fleire engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bidra til gode helsetenester for dei som bur hjå oss i langtidsavdelingane.
Hjå oss møter du eit fagmiljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar og medarbeidarar med ulike funksjonar og kompetanse. Me er ein arbeidsplass der me snakkar ope om det som fungera og det som kan bli betre, og der humor, samarbeid og respekt for kvarandre står sterkt.Me ynskjer kollegaer som ser verdien av godt lagarbeid, tek ansvar i kvardagen og møter både bebuarar, pårørande og kollegaer med omsorg, fagleg interesse og gode haldningar. Anten du er autorisert helsepersonell eller assistent utan formell utdanning, forventar me at du nyttar erfaringane dine, observasjonsevna di og engasjementet ditt til beste for menneska rundt deg.
Arbeidet vårt byggjer på gjeldande lovverk, faglege standardar, yrkesetiske retningslinjer og kommunen sine verdiar. Me legg vekt på kvalitet, tryggleik og omsorg i møte med kvar enkelt bebuar.
Me har fire ledige faste helgestillingar på mellom 13 og 20 %.
Stillingane passar for:
Arbeid på dag/kveld eller natt, med 17-23 helger per år avhengig av stillingsstorleik.
Ledig frå 16. november 2026
Kvardagen ved Vetleflaten følgjer bebuarane sine behov og døgnrytme og dagane startar med morgonstell og frukost. Deretter legg me til rette for aktivitetar, samtalar, miljøarbeid og individuelle ynskjer og behov gjennom føremiddagen. Etter lunsj har mange bebuarar ei roleg stund eller kviletid. Ettermiddagsvaktene tek over med førebuing og servering av middag, aktivitetar, sosialt samvær og nødvendig kvile. Seinare følgjer kveldsmat, kveldsstell og tilrettelegging for natta. Gjennom natta sørgjer nattevaktene for omsorg, tilsyn, observasjonar og nødvendig oppfølging slik at bebuarane opplever tryggleik og ro.
Arbeidsoppgåvene våre er varierte og handlar først og fremst om å skape gode dagar for bebuarane gjennom personsentrert omsorg og fagleg forsvarleg oppfølging. Dette får me til ved å dele på oppgåvene. I tillegg til stell, pleie og miljøarbeid, utfører me også vitale målingar og observasjonar (opplæring vert gitt ved behov) og sørgjer for godt samarbeid med bebuarar, pårørande og kollegaer. All helsehjelp skal dokumenterast i journalsystemet. Tilsette i faste stillingar har i tillegg primærkontaktansvar og me gir rettleiing og opplæring av kollegaer, elevar og studentar etter behov. Me har også ansvar for å vaske bebuar sine klede, utføre skylleromsarbeid og anna førefallande i avdelinga i tillegg til å utføre prosedyrar og andre oppgåver som følgjer av autorisasjonen og kompetansen din. Matlaging og tilrettelegging av måltid samt å halde orden i bebuar sitt nærmiljø er også ein viktig del av oppgåvene dine.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herHold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.