Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå februar 2027. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for.
Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hos oss der ingen dagar er like.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samtidig som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å hjelpe tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar.
Hos oss får du brukt sjukepleiarkompetansen din der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsett. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Stad kommune tilbyr 30.000 kroner over tariff i rekrutteringstillegg.
Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.
"Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”
Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hos tenestemottakarane og på institusjon.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.
Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Konstituert einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5202630082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!