Me har ledig to stillingar som barne- og ungdomsarbeidar med oppstart 1. januar 2027.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette. Saman arbeider me for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.
I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
I begge barnehagane arbeider me målretta for eit godt og inkluderande miljø for leik, læring og utvikling. Me nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) for å sikra at alle barn kan delta i leik, samspel og fellesskap. Barna skal få medverka og vera med på å forma sin eigen kvardag. Me arbeider òg aktivt med språk og leselyst.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.
Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.