Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale til medio august 2027 ledig i inntil 100% vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage, men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule).
Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.