Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling som inndragingsspesialist. I denne stillinga vil du vere ein ressurs og pådrivar i politidistriktet for å utnytte potensialet som ligg i inndraging. Inndraging brukast aktivt for å inndra utbytte frå kriminelle handlingar, slik at kriminalitet ikkje skal lønne seg.
Arbeidskvardagen vil bestå av metodeutvikling, opplæring så vel som praktisk arbeid i saker retta mot inndraging av verdiar. Som inndragingsspesialist høyrer du til eit profesjonelt fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, og vil ha ansvar og arbeidsoppgåver i heile politidistriktet. Ein viktig del av jobben er å drive opplæring og rettleiing i politidistriktet. Du må pårekne noko reiseaktivitet, men evnen til å samhandle digitalt er viktig.
Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet er organisert ved seksjon for spesiell etterforsking, under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad for stillinga er ved politihuset i Molde eller i Ålesund.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi søkjer deg som er initiativrik, sjølvstendig og som har god gjennomføringsevne. Du fungerer godt i eit travelt arbeidsmiljø, og har evne til omstille deg og vere allsidig for å kunne bistå med dei andre arbeidsoppgåvene ved seksjonen. Har du også interesse og evne til å utvikle og motivere andre medarbeidarar innan fagfeltet kan dette vere rette stillinga for deg. Personleg eignaheit, motivasjon for stillinga og fagleg kompetanse vil bli vektlagt.
i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA)
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent må ein i tillegg ha minst tre års erfaring frå etterforsking innan fagfeltet økonomisk kriminalitet, og relevant vidareutdanning innan etterforsking og/eller erfaring frå tverretatleg samarbeid.
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.