Vil du vere med på å løfte oss vidare? Personalleiaren vår går av med pensjon ved nyttår, derfor søkjer vi no ein erstattar for han. Vi ønskjer oss ein engasjert og strukturert HR- og personalleiar, som vil få ei sentral rolle innan HR, lønn og HMS.
Relevant høgare utdanning innan HR, leiing, organisasjon, økonomi eller tilsvarande
Erfaring frå HR- og personalarbeid og arbeidsrettsleg kompetanse
Erfaring med lønnskøyring er ønskeleg
God systemforståing og erfaring med HR- og lønnssystem er ønskeleg
Erfaring med systematisk HMS-arbeid samt erfaring med risikovurdering og internkontroll, vil vere ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Strukturert og nøyaktig
Evne til å arbeide både strategisk og operativt
Gode samarbeidsevner og relasjonsbyggande ferdigheiter
Overordna ansvar for HR- og personalområdet
Lønnskøyring, inkludert rapportering og oppfølging
Rådgjeving til leiarar i oppfølging av personalsaker og sjukefråvær
Sikre etterleving av regelverk og vidareutvikle HMS-arbeidet
Bidra til gode HR-prosessar og organisasjonsutvikling
Ei variert og sjølvstendig rolle
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit til å påverke og utvikle organisasjonen
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode velferdsordningar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det største rehabiliteringssenteret i Vestland og ligg idyllisk til mellom fjord og vakre fjell. Vi har eit breitt samansett fagmiljø, som saman dannar ein god og positiv kvardag for både pasientar og tilsette.