Vi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet vårt ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi treng medarbeidarar til både produksjonskjøkkenet og avdelingskjøkkena våre. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Produksjonskjøkkenet produserer mat til pasientar, kafé og kiosk, med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer òg møtemat og catering til ulike arrangement og føremål. I kaféen finn du eit variert utval av påsmurde produkt, varme og kalde rettar, heimelaga bakst, gåveartiklar, bøker og ulike vekeblad. Vi driftar òg ein sjølvbetent kiosk med smart vareskap som tilbyr eit breitt utval av mat, drikke og kioskvarer.
Opphaldsromma på avdelingane fungerer som små kaféar og tilbyr mellom anna middagar, graut, supper, desserter, brødmat, pålegg og drikke.
Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mange spennande arbeidsoppgåver og bidra til eit viktig tilbod for pasientar, tilsette og besøkjande.
Har du lyst til å bli vår nye kollega? Då håpar vi du søkjer!
Vi ber om at attestar og vitemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5185036812
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.