Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Voss barnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i eit vikariat som ønskjer å vera ein aktiv medspelar i barna sin kvardag. Me ser etter deg som er oppteken av leik, relasjonar og utvikling. Du vil vera med på å skapa eit inkluderande og inspirerande miljø for både barn og vaksne.
Stillinga er 100% i eit vikariat som har oppstart 01.01.2026 og varar frem til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning.
Hjå oss møter du dyktige kollegaer, vakker natur rett utanfor døra og eit fagmiljø som er oppteke av utvikling. Barnehagen sin visjon er "Vennskap og meistring". Vi har fokus på tilbakemeldingskultur i kvardagen, lesing og språkutvikling er eit felles satsningsområde til vossabarnehagane. Barnehagen er i oppstarten av "Kollektiv kompetanseheving" i samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som en lærande organisasjon.
Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Personalgruppa har eit stort mangfold i både alder og personaligheit. Arbeidsmiljøet er preget av mykje humor og nærvær. Stillinga er tiltenkt på ein storbarnsgruppe med 18 barn, med 3 tilsette der du er barnehagelærar saman med ein pedagogisk leiar.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
I Voss barnehage møter du engasjerte kollegaer, faglege utfordringar og meiningsfulle dagar i lag med barna og tilsette. Her får du vera med og skapa gode dagar for barna, saman med dyktige kollegaer som bryr seg om både faget og kvarandre.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.