Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert.
Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg. Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar.
Dei konkrete behova no er:
Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag.
Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 90619713
Elisabeth Sunde Andenæs, Rektor Nordstranda skule, 95869279
Ragnhild Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 41803716
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 91331262
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Grandavegen 9
6823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5184545347
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.