Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta Fusa har ledig 2 * 100 % faste stillingar frå snarast i avd 1. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen. Stillingane er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg.
Ei av stillingane er knytt til eit vikariat, der ein etter vikarperioden vil vere knytt til ressursbemanninga i avd 1 og 2. Du får sjølvsagt fast turnus til stillinga.
Heimetenesta Fusa er delt i to avdelingar, der ein har gjort omstillingar i korleis organisera arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Arbeidsstad
Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtalar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?