Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å leie og førebu bygging av dei komande tunnelentreprisane i prosjektet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å drive fram entreprisar frå prosjektering til ferdigstilling. Du får ansvar for å leie arbeidet frå innkjøpsfase til ferdigstilling av entreprisar og overlevering til eigar. Du vil være en bidragsytar inn i strategiarbeidet for byggetrinn 5 og ha ei sentral rolle i prosjektleiinga til seksjonen.
Vi ser etter deg som har lang erfaring frå samferdselsprosjekt, og som forstår kva som skal til for å få komplekse prosjekt trygt frå plan til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
Vi ser etter deg som:
Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna:
Arve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5148799784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.