Region Fjordane er det interkommunale politiske rådet for 11 kommunar i Fjordane. Gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene arbeider vi for å styrkje utviklingskrafta i regionen og skape resultat i saker som er viktige for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Stad kommune er vertskommune for sekretariatet.
Vi søkjer ein ny kollega i ei 100 prosent fast stilling innan kommunikasjon og prosjektoppfølging. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk kommunikasjon med praktisk prosjektarbeid, og som motiverast av å skape resultat gjennom samarbeid.
Du vil arbeide tett med kommunane, politisk og administrativ leiing og ei rekkje regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen vil vere variert, med oppgåver som spenner frå kommunikasjon og formidling til prosjektutvikling, koordinering og oppfølging av politiske prosessar.
Vi ser etter ein initiativrik og samfunnsengasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle Fjordane som ein attraktiv bu-, arbeids- og verdiskapingsregion. Hos oss får du stor påverknad, breitt ansvar og høve til å arbeide med nokre av dei viktigaste utviklingssakene i regionen.
Les meir om Region Fjordane her: http://regionfjordane.no
Du blir ein del av eit lite sekretariat med store ambisjonar. Vi er opptekne av å levere kvalitet, skape framdrift og oppnå resultat. Når nye utfordringar oppstår, snur vi oss raskt rundt og finn løysingar. Mykje av arbeidet handlar om å byggje relasjonar, skape tillit og få menneske og organisasjonar til å samarbeide om felles mål. Difor ser vi etter ein person som trivst med ansvar, tek initiativ og ønskjer å utgjere ein forskjell.
Vi ser etter deg som har:
Vi trur du vil trivast og lukkast hos oss dersom du:
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grundig grunngjevast.
Elisabeth Hatlenes, Rådgjevar i Region Fjordane, 410 450 26, elisabeth.hatlenes@regionfjordane.no
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152523465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!