Tangen skule har ledig to 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27 og 01.03.27, og fram til 31.12.27, med mogleg forlenging.
På Tangen skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.
Tangen skule er ein 1.–10.-skule med 203 elevar. Til saman har 43 personar arbeidsplassen sin ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar og støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og variert fagmiljø der ulike profesjonar samarbeider rundt elevane.
Visjonen vår er:
Mottoet vårt, «Læring gjennom trivsel og respekt», seier mykje om korleis me ønskjer at kvardagen ved skulen skal vere. Trivsel, respekt, tryggleik og meistring er sentrale verdiar for oss, både i møte med elevane og i samarbeidet mellom dei tilsette.
Hjå oss skal elevane bli sett, utfordra og få oppleve meistring. Som lærar blir du ein viktig del av dette arbeidet.
Som lærar ved Tangen skule får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Stillingane kan innehalde undervisning både på barne- og ungdomssteget, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. Ved undervisning på ungdomssteget kan oppgåver knytte til eksamen vere aktuelt.
Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte. Det er naudsynt med bilsertifikat.
For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette.
Me ynskjer oss ein kollega som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hjå oss får du:
Kjenner du deg att i dette og har lyst til å bli ein del av laget på Tangen skule? Då håpar me å høyre frå deg!
Andre opplysningar:
Link til søknadsskjema:
Søk herNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !