Om stillingane
Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre?
I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi engasjerte og varme barne- og ungdomsarbeidarar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar.
Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule:
- 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.10.2026. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Dalsøyra barnehage
- I inntil 100% vikariat barne- og ungdomsarbeidar, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage
Barnehagane i Gulen tilbyr
- Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
- Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
- Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
- Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
- Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan andre søkjarar verte vurderte for mellombels tilsetjing
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg
- Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag
- Grunnleggjande digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
- Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
- Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
- Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff