Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane, samt langvakter kvar 4. helg. Det er lagt opp til fleire "rause" friperiodar i turnusen til denne stillinga, pr. i dag.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr:
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.