Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, medisinstudentar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027.
Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201239959
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.