Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Heimetenesta har ledig 100 % fast stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i todelt turnus frå snarast i avdeling Nordfjordeid. Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og sjukepleiarfaglege tenester til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like. Sjukepleiarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å arbeide med heimebasert omsorg. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Stad kommune tilbyr 30.000 kroner over tariff i rekrutteringstillegg.
Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!
Marthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta, 95999604, marthe.stave@stad.kommune.no
Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Konstituert einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Fossevegen 10
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5174765341
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!