For mange startar møtet med sjukehuset hos kontaktsenteret – kanskje er det du som gjer den første kontakten trygg og god.
Kontaktsenteret består av Dialogsenteret og Dokumentsenteret, og er eit viktig bindeledd mellom pasientar, pårørande og sjukehuset sine tenester.
Hos oss får du ein variert kvardag med telefon, skranke, rettleiing og administrative oppgåver. Vi ser etter deg som møter menneske på ein roleg og profesjonell måte, likar å ha orden i oppgåvene dine og har høve til å ta vakter ved behov, også på kort varsel.
Har du lyst til å bidra til gode møte med pasientar og pårørande, og kan ta vakter ved behov? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Som tilkallingsvikar kan du få varierte oppgåver, blant anna:
Hos oss er det viktig at du:
Hos oss får du:
Vi vurderer søknader fortløpende.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Dagmar Haugeberg, Avdelingsleiar, dagmar.haugeberg@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5149436067
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 14.07.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.