Nav Vaksdal har frå snarast ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Den som blir tilsett, blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, og får arbeidsplass i Heradshuset på Dale.
Arbeidsretta oppfølging for eigne brukarar
Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs.
Det er ynskjeleg at du har:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.