Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester.
Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal vere leiarstøtte for fylkesdirektøren i Nav Vestland.
Om stillinga
Stillinga skal vere ein sentral leiarstøtte for fylkesdirektøren og bidra til god oversikt, framdrift og oppfølging av prioriterte oppgåver. Du vil ha ei viktig rolle i å koordinere saker, følgje opp vedtak og fristar, planleggje møte og sikre at viktige prosessar blir gjennomførte og følgde opp. Rolla omfattar både praktisk tilrettelegging og sjølvstendig koordinering av oppgåver på tvers av organisasjonen. Du vil arbeide tett med fylkesdirektøren og vere eit viktig kontaktpunkt både internt og eksternt.
Vi ser etter deg som trivst med å skape struktur, halde oversikt over mange parallelle aktivitetar og bidra til at prioriterte saker blir følgde opp på ein god måte. Du må kunne forstå samanhengar, handtere komplekse problemstillingar og vere trygg i samarbeidet med leiarar og ulike fagmiljø. Dette er ei rolle for deg som trivst med å få ting til å fungere, skape framdrift og vere ein viktig støtte for leiinga i ein organisasjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen.
Stillinga omfattar både rådgiving, koordinering og praktisk tilrettelegging. Møteførebuing, dokumentasjon, oppfølging, journalføring og samordning av aktivitetar er sentrale verkemiddel.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Slik søkjer du
Vi ønskjer å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa og kompetansen din.
Vi tek berre imot elektroniske søknader via Webcruiter. Vitnemål og attestar skal lastast opp saman med søknaden.
Bjarte Hysing-Olsen, Fylkesdirektør, 482 47 318, bjarte.hysing-olsen@nav.no
Aida Cisic-Dizdar, Assisterande fylkesdirektør, 984 51 566, aida.cisic-dizdar@nav.no
Solheimsgaten 7E
5058 Bergen
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5188007836
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling