Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk, kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing.
Seksjon for Barn/Unge CT/Generell har fleire ledige vikariat frå starten av 2027. Hovudsakleg 100% vikariat, men deltidsvikariat kan og vera aktuelt.
På vår seksjon jobbar radiografane med varierte oppgåver; konvensjonell røntgen, gjennomlysning, CT, MR, og dei bistår også radiologar med ultralyd. Det er mogeleg med både utelukkande dagtidsarbeid, eller turnusarbeid med varierande vaktbelastning.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hege Kristin Hommedal Blom, Seksjonsleiar, +47 55975221, hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194101380
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.