Os sokn søkjer ein engasjert og tydeleg dagleg leiar som vil få ei sentral rolle i ein levande kyrkjelyd.
Os sokn er stort og har eit breitt arbeid, med visjonen «Nær Kristus – nær kvarandre – nær kvardagen». I ryggen har du eit engasjert og arbeidsvillig sokneråd, dyktige og dedikerte medarbeidarar og ei støttande leiargruppe.
Os sokn er eitt av to sokn i Bjørnafjorden kommune, og fellesrådet har òg si eiga driftsavdeling. Dette gjer at dagleg leiars oppgåver er sentrert rundt kyrkjelyden i Os og Nore Neset kyrkjer, og ikkje minst kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter, som Os sokn eig og som er eit kraftsentrum for frivillig aktivitet på Osøyro.
Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å bidra til at kyrkja er ein relevant og open møteplass for menneske i alle aldrar og livssituasjonar.
Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å omsetje visjonar og mål til praktisk handling. Du vil arbeide tett saman med soknerådet, prestane, dei tilsette og mange engasjerte frivillige. I ein kyrkjelyd med høgt aktivitetsnivå må du som dagleg leiar også være budd på noko kvelds- og helgearbeid.
Vi ønskjer oss ein person som:
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ansvar for den lokale kyrkjeverksemda i Bjørnafjorden kommune. Os sokn er eit aktivt og mangfaldig sokn med eit breitt tilbod innan gudstenesteliv, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, musikk og frivillig arbeid. Det er per i dag tre prestar som har tenestestad i Os sokn, sokneprest og to kapellanar. Soknestaben som dagleg leiar har ansvar for består av 2 konsulentar, kantor, organist, kateket, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og barne- og familiearbeidar. Ut 2027 har vi òg ein Bufdir-finansiert prosjektmedarbeidar i 70% tilknytt ungdomsarbeid.
Vil du vere med og vidareutvikle kyrkja si rolle i lokalsamfunnet? Då håpar vi å høyre frå deg!
Jon Håkon Øen, Kyrkjeverje, 91836628
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar, 93869109
Øyro 49
5200 Os
Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5199101897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026