Vi ønskjer lærarar med god kompetanse i klasseleiing og fag, gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit sterkt profesjonsfellesskap.
Åheim skule har behov for lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vikariatet er 100% stilling, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide i redusert stilling.
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 eller praktisk -pedagogisk utdanning (PPU)
- ønskjeleg med minimum 30 eller 60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning kan bli vurdert
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- god kompetanse i norsk, både munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vil blir vektlagde ved intervju og referanse
- er utviklings- og løysingsorientert
- er ein tydeleg, robust og trygg klasseleiar
- tenkjer heilskapleg om elevane sitt oppvekst- og læringsmiljø
- er omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
- planlegg og gjennomfører undervisning med god kvalitet
- har god vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt samarbeid mellom skule og heim
Tilsetjing skjer med atterhald om godkjent politiattest
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Vanylven kommune tilbyr gode rekrutteringstillegg (jfr. lønspolitisk plan) og gode pensjonsordningar.
Søknad skal sendast via kommunen sitt elektroniske søknadssystem. CV skal registrerast i søknaden. Vi ber om at du gir opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Lena Marie Landsverk, Rektor Myklebust skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Ospelida 4
6146 Åheim
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5189273745
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.11.2026
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!