UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC).
Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk.
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.