Vi søker etter ein produksjonsarbeidar som skal tørke pressmasse frå eplemostproduksjon og kverne han til mjøl. Ferdigproduktet blir brukt i bakverk til å binde væske og gi eplearoma. Idéen er at vi brukar heile eplet: mosten, fruktkjøtet, skalet og alt saman.
Balholm er først ute med eplemjøl i Noreg, og det finst ingen oppskrifter å lene seg på. Vi reknar med at det blir utfordringar i det første produksjonsåret, og vi treng nokon med ei optimistisk innstilling og tolmod til å prøve og feile.
Du må vere vand med praktisk arbeid og maskiner. Helst har du truckførarbevis og erfaring frå mat- og drikkeindustrien.
Du må vere innstilt på å etablere deg i Balestrand. Her ventar livlege somrar, rolege vintrar og eit godt lokalsamfunn. Om det trengst kan vi hjelpe med å finne mellombels bustad.
Du får ansvar for produksjon av eplemjøl i fruktsesongen. Arbeidsstaden liknar på ei kornmølle, med tørke, frørensar og kvern, men det er pressa eple som er råvara, ikkje havre og bygg. Etter sesongen er ferdig vil du vere ein del av produksjonsteamet på tappelinja.
Haust og vinter
Drift av tørke-, frørense- og kvernanlegg
Pakking av 10 kg sekkar med eplemjøl
Reingjering av anlegga og enkelt vedlikehald
Vår og sommar
Arbeid på tappelinja
Pakking og lasting av bestillingar ved behov
Du får vere med på oppstarten til ei ny og innovativ produksjonslinje, som er resultatet av eit forsking- og utviklingsprosjekt støtta av Norgesgruppen, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg.
Du får vere ein del av eit veksande team på 12 personar frå ulike yrkesbakgrunnar og land. Fleire har vore med i over 20 år.
Du får jobbe med utstyr av topp kvalitet. Dei siste åra har vi fornya store delar av maskinparken, og vi fortset å investere i løysingar som gir betre kvalitet og arbeidsflyt.
Du får rettferdig løn i ei stabil bedrift med tariffavtale. Vi gjer det vi kan for å sikre at du kan utvikle deg fagleg.
Balholm AS starta opp for 30 år sidan og produserer mange typar fruktdrikke, frå eplemost og limonade til sidrar og fruktvinar. Produkta blir selde over heile landet og har vunne mange prisar for kvalitet. Balholm er søsterbedrifta til Ciderhuset, som ligg eit par hundre meter unna.