Svelgen oppvekst har ledig ei 100 % fast lærarstilling og ønskjer ein engasjert, fagleg sterk og relasjonsorientert medarbeidar velkommen til laget vårt.
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med barn og ungdomsskule og barnehage. Det er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motoivasjon, inkludering og samarbeid med heimane. PALS-modellen består av systematiske, førebyggande tiltak som rettar positiv merksemd mot alle elevane i skulen. Modellen er basert på forskning og kunnskap om tiltak som fremjar eit trygt læringsmiljø der elevane kan utvikle sosial og skulefagleg kompetanse. Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste.
Vi søkjer grunnskulelærar med undervisningskompetanse for 1.-7. trinn, innan fagområda engelsk, norsk og kroppsøving
Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje.
Vi ser etter deg som:
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Les meir om ordningane på
https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321
Gunnar Scheldrups veg 31
6723 Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5147608462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.07.2026
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!