Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.
Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, trivst med varierte arbeidsoppgåver og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.
Hos oss finn du fire døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , Lis.lege, sosionom, sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Valen sjukehus er godkjent for 2 år som spesialiseringsløp for legar og har ledig stillingar for LIS 3.
Hos oss er det viktig at du
Vi ser etter fagleg sterke kollegaer som bidreg med engasjement, pålitelegheit og eit godt lagspel – og som vil vere med å utvikle fagmiljøet vårt vidare.
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407
Sjukehusvegen 15
5451 VALEN
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5133049193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 19.07.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.