Avdeling for HR er organisert i fellesadministrasjonen, og har om lag 40 tilsette som er fordelt på alle dei fem campusane våre. Avdelinga ligg i linja til organisasjonsdirektøren, og er organisert med avdelingsleiar, nestleiar, og tre fagansvarlege for områda a) tilsetterekruttering b) lønsfunksjonen og c) HMS og kompetanseutvikling.
Vi ser etter ein leiar som:
Som avdelingsleiar for HR har du det overordna ansvaret for utvikling og leiing av HR-området ved HVL. Avdelingsleiar har ansvaret for å utvikle og omstille avdelinga og HR-området, tilpasse nye krav og forventningar, inkludert det digitale skiftet. Du skal sikre profesjonelle og framtidsretta HR-tenester som støttar høgskulen si kjerneverksemd.
Stillinga omfattar mellom anna ansvar for:
Avdelingsleiaren skal vidare:
Leiar av HR-avdelinga har eit særskilt ansvar for å bygge ein sterk samarbeidskultur og gode team på HR-området, på tvers av campusane i høgskulen.
Mynde
Avdelingsleiar skal leie avdelinga i samsvar med forventingar til leiarar i staten og HVL sine interne retningsliner.
Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå organisasjonsdirektøren, avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør, og det er lagt personal- og budsjettansvar til stillinga. Nestleiar har medansvar for fagområda tilsetterekruttering og lønsfunksjonen, og har personalansvar for tilsette på desse områda.
Det er ein fordel om du har erfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller annan kunnskapsintensiv verksemd, og forståing for statleg styring, regelverk og rammevilkår.
Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - avdelingsdirektør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Universitetssøknaden er til behandling i NOKUT og overgangen vår til eit universitet vil styrkje Vestlandet som region. Vi bidrar til nyskaping og utvikling i heile regionen gjennom dei fem studiestadane våre. Slik kan vi forsterke Vestlandet sin posisjon som den mest innovative og kunnskapsintensive delen av Noreg. Forskinga og kunnskapen vår kan enkelt delast mellom studiestadane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.
For å nå dette målet har vi dei siste åra bygd sterke fagmiljø med samansett kompetanseprofil. Vi har skapt god samanheng mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har arbeidd med å styrke alle dei fem studiestadane.
Høgskulen på Vestlandet skal vere ein attraktiv arbeidsgivar, med gode rammer for medarbeidarutvikling, eit stimulerande fagmiljø og eit trygt arbeidsmiljø. Leiarar og tilsette i HR-avdelinga yter viktige bidrag til å realisere desse ambisjonane.
Vi ønskjer å trekke til oss, behalde og utvikle kompetente medarbeidarar, som kan vere med å realisere våre ambisjonar. Vi skal jobbe systematisk og heilskapleg med medarbeidar- og organisasjonsutvikling, og vår arbeidsgivarpolitikk skal vere offensiv. Høgskulen skal ta i vare tilsette sitt høve til å medverke i utviklinga av eigen arbeidssituasjon, og vidareutvikle gode samarbeidsrelasjonar med våre tillitsvalde.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.