Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra?
Vil du bruke sjukepleiarfaget ditt i ein variert og spennande arbeidskvardag, tett på pasientar og i samarbeid med dyktige kollegaer?
Aukra legekontor er kommunalt drive legekontor med eit etablert og sterkt fagmiljø. Legekontoret har 4 fastlegar og 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.
Kontoret betener ca. 2700 fastlegepasientar, i tillegg har vi daglegevakt og betener akutte henvendelser.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid med legane og dei andre medarbeidarane på kontoret. Vi legg vekt på gode pasientmøter, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er varierte og omfattar mellom anna:
Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig utvikling. Du må derfor vere førebudd på å tileigne deg ny kunnskap og kompetanse etter kvart som oppgåver og behov endrar seg.
Vi ønskjer ein sjukepleier som kan bidra aktivt til vidareutvikling av gode arbeidsmåtar og tenester ved legekontoret.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXj
Link til søknadsskjema:
Søk herAukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing