Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Trivst du når ingen dagar er heilt like? Likar du å kombinere klinisk spisskompetanse med raske vurderingar, korte behandlingsforløp og tett tverrfagleg samarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist i 100% fast stilling ved Seksjon for akutte tenester. Vi held til i moderne lokale på Danmarksplass og har ansvar for innbyggjarane i Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.
Seksjon for akutte tenester er ein sentral del av akuttberedskapen ved Kronstad DPS. Seksjonen er bemanna med psykiater, psykologspesialistar, psykologar, sosionom og psykiatrisk sjukepleiar/seksjonsleiar, og arbeider tett saman for å gi rask og fagleg forsvarleg hjelp til pasientar i akutte psykiske kriser.
Vi har ansvar for akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og tilbyr også avgrensa behandlingsforløp etter den akutte fasen. Målet er å gje god og målretta behandling tidleg, bidra til meistring og stabilisering, og når det er mogleg førebyggje unødige innleggingar i døgnavdeling.
Seksjonen tar imot tilvisingar frå legevakt, fastlegar, somatiske sjukehus, poliklinikkar og private spesialistar. Som psykologspesialist hos oss vil du få arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, frå akutte kriser og alvorlege psykiske lidingar til diagnostiske avklaringar og korte, intensive behandlingsforløp.
Vi legg stor vekt på fagleg utvikling og samarbeid. Seksjonen har faste møte for faglege drøftingar, eigen spesialistrettleiing, regelmessig undervisning og deltaking i fagutviklingsarbeid ved Kronstad DPS. For interesserte medarbeidarar finst det også moglegheiter for forsking og utviklingsarbeid.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Gunnhild Karlsen Stien, Seksjonsleiar, 91375045
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5199742675
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.