Vi har ledig to 100 % faste stillingar for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊
Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg.
Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp og det set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er:
Respekt, Kunnskap og OmsorgFor tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527
6823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5152027142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.