Voss herad søkjer etter Organisasjonssjef – strategisk leiar for økonomi, HR, digitalisering og verksemdsstøtte i Voss herad
Me er ein attraktiv kommune med høge ambisjonar, sterke fagmiljø og eit lokalsamfunn med mykje aktivitet heile året. Her finn du noko av det beste Vestlandet har å by på, både for deg som søkjer faglege utfordringar og for deg som ønskjer ein aktiv livsstil. No ser me etter ein leiar som vil vera med og setja retning for framtida.
Voss herad er inne i ein omfattande utviklings- og omstillingsprosess. Målet er å sikra berekraftige tenester, styrka gjennomføringsevna og utvikla ein meir samla organisasjon med tydeleg leiing, betre samhandling og effektiv bruk av ressursar. Som ein del av etablering av ny leiarstruktur i Voss herad etablerer me ei stabsavdeling med ansvar for sentrale støtte- og styringsfunksjonar. Me søkjer no ein strategisk og utviklingsorientert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av heile organisasjonen.
Om stillinga
Som leiar for stab og verksemdsstøtte får du ansvar for leiarar med sentrale funksjonar innan mellom anna:
Du blir ein del av rådmannen si leiargruppe på fem, og får eit overordna ansvar for å utvikla gode styringssystem, styrka organisasjonen si endringskraft og sikra at støttefunksjonane bidreg til best mogleg tenesteutvikling.
Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med rådmann Martin William Kulild på tlf 46414800
Arbeidsstad: Voss
Rapporterer til: Rådmann
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande