Avdelingsleiar Administrasjon Pleie- og omsorg
Er du sjukepleiestudent og ønskjer å lære mykje i eit godt arbeidsmiljø, tilbyr vi to forskjellige studentavtalar.
Nr. 1: Stipendet er på 40.000 kr. for fast kvar 3. helg, 17 helger i løpet av eit år. Og 100% stilling i 5 veker om sommaren.
Nr 2: Stipendet er på 20.000 kr. for 10 helgevakter, må ikkje forvekslast med 10 heile helger. Dersom du jobbar 5 helger med 2 vakter, er forpliktinga til helgevakter fullført. Og 100% stilling i 5 veker om sommaren. (Helgevakter i sommarturnusen blir ikkje rekna inn i dei 10 helgevaktene).
Begge avtalane krev at du består studieåret for å få utbetalt stipendet.
I tillegg skriv vi arbeidsavtalar, med atterhald om bestått studie, med 3. års studentar.
Pleie og omsorg består av Sveio omsorgssenter og heimetenesta. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne vår Instagram-konto #SveioOmsorgssenter med bilete frå kvardagen hos oss.
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.