Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 80% vikariat for vernepleiar/sjukepleiar i miljøterapeutstilling.
Ledig frå snarast og ut 2027. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Thale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5192028705
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 08.11.2026
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir