Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Ravnebjerget og Hunstad barnehage har no ledig faste stillingar som barnehagelærar frå hausten 2026. Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar i desse stillingane.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Vi er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Vi har eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, prega av høg fagleg kvalitet og eit sterkt engasjement for barnas beste.
Vi søker motiverte barnehagelærarar som ønsker å vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar for barna i barnehagen vår. Du er relasjonsorientert og opptatt av å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Du har eit ekte engasjement for barns leik, læring og utforsking, og ser verdien av å vere ein tydeleg og trygg vaksen som deltar aktivt i barnas kvardag.
Gjennom refleksjon og fagleg utvikling skapar vi gode kvardagar for både barn og tilsette. Erfaringsdeling og kompetanseheving står sentralt hos oss. Livsmeistring og helse er hovudsatsingsområdet vårt, og barnehagane samarbeider tett for å dele idear og inspirere kvarandre. Vi har "Inkluderande leike- og læringsmiljø" som utviklingsprosjekt for barnehagane.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus+. Alle tilsette kan søke om å delta på studieturar og besøke barnehagar i andre land. Dette samarbeidet gir verdifull moglegheit for fagleg utvikling, inspirasjon og refleksjon rundt eigen praksis i møte med barnehagar og utdanningsinstitusjonar internasjonalt.
Synest du dette høyrest spennande ut, og ser du på deg sjølv som ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar, ønsker vi deg velkomen til å søke stilling hos oss.
Som barnehagelærar skal du:
Vi ser etter deg som er:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ragnhild Steimler Åsheim, Leiar, 55974944
Haukelandsbakken 42
5009 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5162343727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.