Er du interessert i heimebasert omsorg? Vi søkjer engasjerte tilsette til helgestillingar og tilkalling i heimetenesta avdeling Selje og Stadlandet.
Vi treng fleire til å jobbe både i ambulerande heimeteneste, bufelleskap og i 1-1 tiltak.
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane finn du her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Anne-Lise Teige, Konstituert einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, E-post:ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no
Seljetunvegen 24
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5197406669
Stillingsprosent: 40%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.