Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.
På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial.
Stillinga er i 60% frå 16.nov til 31.12 og 100% frå 01.01.2027 til 16.04.2027.
Undervisninga omfattar to klassar i norsk og éi undervisningsgruppe i samfunnskunnskap på Vg2 yrkesfag.
Stillinga er på 60 % i perioden 16. november til 31. desember 2026, og blir utvida til 100 % frå 1. januar 2027 til 16. april 2027.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Lisbeth Væhle Balchen, Konst. Avdelingsleiar for fellesfag, 95459871
Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, 45043522
Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5187215312
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 16.04.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.