Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter. Tilsetjing er ønskjeleg frå snarast, og seinast frå mars 2027 for vikariat.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194046261
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 30.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.