Stad kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande einingsleiar for plan og forvaltning.
Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og lokalsamfunna våre. Du skal leie eit kompetent fagmiljø og bidra til heilskapleg, føreseieleg og framtidsretta samfunnsutvikling og forvaltning. Stillinga inneber eit breitt ansvar i skjeringspunktet mellom fag, politikk, innbyggjarar og næringsliv.
Stad kommune er inne i ei tid med utvikling og omstilling. Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2026-2038 peikar retninga for den langsiktige utviklinga og er eit aktivt styringsverktøy for både politiske og administrative prioriteringar. Kommunen har starta opp arbeidet med ny kommuneplan for arealdelen (KPA) med målsetjing om å ha ny arealplan på plass i 2030. Plan og forvaltning har ei svært sentral rolle i dette arbeidet.
Som vertskommune for Stad skipstunnel vil Stad kommune og plan og forvaltning vere ein viktig medspelar i å realisere verdas første skipstunnel.
Som einingsleiar har du det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for eininga som i dag har 10 tilsette. Du skal utvikle eininga i tråd med kommunen sine mål og gjeldande lov- og avtaleverk. Du blir ein del av leiargruppa innan kommunalområdet kultur og samfunn der du rapporterer til kommunalsjef. Arbeidsstad er Nordfjordeid.
Eininga plan og forvaltning har ansvar for oppgåver innan reguleringsplanar, byggesak, kart og oppmåling, geodata, landbruk, miljø. Landbruksoppgåver vert utført gjennom eit samarbeid med Gloppen kommune som er vertskommune for landbrukssamarbeidet.
Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver, og krev god fagleg og administrativ kompetanse. Som leiar må du kunne støtte og utvikle medarbeidarane i eit tverrfagleg fagmiljø og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak innan dei ulike fagområda.
Du må ha evne til å motivere og inspirere medarbeidarane, og vere god til å kommunisere – både eksternt og internt. Kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar er avgjerande.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Stad kommune har seks månadar prøvetid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden, og at referansar blir førte opp.
Astrid Fossheim Paulsen, Kommunalsjef kultur og samfunn, 48116806, astrid.paulsen@stad.kommune.no
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5181610127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!