Me søkjer etter ein fagsjukepleiar på Vindafjordtunet. Fyrste året vil du arbeide på avdeling Sør demenesomsorga medan avdelingsleiar er i fødselspermisjon for så å vera fagsjukepleiar for Vindafjordtunet institusjon når ho er attende. Ein annan avdelingsleiar tek personalansvaret slik at du skal få konsentrera deg om fagutvikling og oppfølging i avdelinga.
Me søker deg som er genuint interessert i eldreomsorg og som brenn litt ekstra for å heva kompetansen i tenesta! Du arbeidar dagtid med kvar fjerde helg den tida du er på avdeling Sør og går over til kvar tredje etter endt permisjon hjå avdelingsleiar.
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og gir tenester til personar med demens og somatisk langtidsbebuarar.
Me har pasientvarslingssystem inkludert Roommate og gode hjelpemidlar.
Me har eige kjøkken som lagar mat til våre bebuarar samt ein tilsynslege i 50%.
Stillinga er med arbeid på dagtid med kvar fjerde helg første året på avdeling sør. Etter at avdelingsleiar kjem tilbake frå permisjon, går du over til kvar tredje helg og framleis dagtid i vekene.
Du er med å arbeidar på tvers for ein god heilhet i drifta knytt til fag og teneste. Som fagsjukepleiar er du genuint interessert i eldreomsorg og systematisk arbeid for å heve kompetanse. Me trur at gjennom fellesskap og kompetanseheving vert ein tryggare og har det betre på arbeid. Ikkje minst blir tenestene våre betre i eit strukturert arbeid for å nå dette. Ein arbeidar ope og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for alle våre tilsette.
Som fagsjukepleiar vil du arbeide tett med avdelingsleierane til ei kvar tid. Du har ikkje personalansvar som fagsjukepleiar. Me søker kompetansemidlar kvart år slik at ein har muligheita til å gi kompetanseheving for alle tilsette.
Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for bebuarane våre og dei tilsette?
Då må du søke!
Du kan og nytte Facebook til å bli litt betre kjent med oss og ta gjerne kontakt om du vil ha ein prat om stillinga!
Fagansvar avdeling Sør:
Fagansvar på huset:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.