Austrheim kommune har fått innvilga prosjektmidlar til Grønt arbeid, eit lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusfeltet. Vi søkjer derfor etter ein miljøterapeut i 100 % prosjektstilling, med helse- eller sosialfagleg kompetanse. Prosjektstillinga har ei varigheit på inntil fire år.
Grønt arbeid er eit arbeids- og aktivitetsretta tilbod innan psykisk helse- og rusfeltet. Tilbodet har ei recoveryorientert grunnhaldning og byggjer på prinsippa frå ABC for god psykisk helse: aktivitet, fellesskap og meining.
Psykisk helse- og rusfeltet er organisert under helseeininga i Austrheim kommune. Tenesta består av fagleiar og psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, arbeidsleiar for arbeids- og aktivitetstilbodet og helsefagarbeidar. Vi samarbeider tett med andre kommunale tenester, NAV og spesialisthelsetenesta.
Vi arbeider for å styrkje tilbodet om tidleg hjelp og utvikle lågterskeltilbod for ei utvida brukargruppe. Grønt arbeid skal vere ein møteplass og ein base innan psykisk helse- og rusfeltet, der arbeid, aktivitet og individuell oppfølging blir kombinerte for å fremje meistring, fellesskap og meiningsfull aktivitet.
Vi ønskjer at du som medarbeidar skal vere ein ressurs og pådrivar for endring og utvikling.
Vi søkjer etter deg som har autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar. Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar vil òg bli vurderte. Andre med helse-, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på yrkesretta- eller høgskulenivå kan òg vere aktuelle.
Det er ein fordel om du har interesse for, og gjerne arbeidserfaring frå, psykisk helse- og rusfeltet.
Vi ser etter deg som er imøtekomande og tillitsskapande, og som har evne til å byggje gode relasjonar med menneske i ulike livssituasjonar. Du ser heile mennesket og har forståing for korleis livssituasjon, utfordringar og omgivnader påverkar den einskilde.
Du er trygg i rolla di, tek ansvar og møter menneske med tolmod, respekt og ro – også i krevjande situasjonar. Samstundes er du ein naturleg lagspelar som samarbeider godt med andre, men som òg kan arbeide strukturert og sjølvstendig.
Vi ønskjer at du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!