Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?
Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.
Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.
I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontoret. I tillegg har kontora stillingar som helsesekretær og sjukepleiar.
Leiar for legetenesta er óg leiar for fagsjukepleiarane i kommunen. Leiar for legetenesta vil ha eit overordna ansvar for fagutvikling og kvalitetsforbetring i helse og omsorgstenestene i Kvam herad.
Me søkjer deg som har:
Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar.
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Terje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5148227350
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir